Julehelsing

Kjære skivenner – julehelsing 2019.

Jula er snart her og det har kome bra med snø på Stølsvidda. Skikkelig julestemning er det no, omtrent 50 cm med snø.

Utført dugnadsarbeide i summar og haust (sender kvart år søknad til kommuna):

Dugnad i skitraséane med rydding og stikking.
Bygd fleire klopper/bruer
Maskinell briskknusing på ein del strekninger
Maskinell planering og ryddign av stein og stubbar på enkelte strekningar
Mindre traséendringar

Løypenettet vårt er 10 mil til saman, men når vi kjører opp alle løypene, må vi kjøre ca. 30% meir då det må bli ein del dobbeltkjøring.

Maskinpark.
Vi har to løypemaskiner i drift, den eldste er ein rød Pistenbully 2006 modell, mens den nyaste er ein grå Prinoth Husky 2011 modell. Den gamle gule M-Track har berre blitt brukt til løypepakking i det siste. Sist sesong tok løypefresen «kvelden» og den kunne ikkje lengre brukast til løypelegging. Vi har også tre snøskuterar av eldre årgang.

Nettside.
I løpet av januar vil ny nettside koma på plass – bedre tilpassa smarte mobilar.
Du skal få info om temperatur og vind i sann tid, kanskje også eit ferskt bilde frå løypegarasjen. Følg med.

Skidag.
Det vart ikkje skidag på Langestølen sist påske. I år skal vi pakke snøen også på «Stadion» slik at vi er sikre på å ha snø til påske. Og då satser vi på at det blir skidag på Langfredag, men for å få dette til treng vi frivillige til å hjelpe til med avviklinga. Send e-post til skidag@stolsvidda-loypelag.no om du kan stille opp. Vi håper på mange henvendelser.

Gapahuken blir stadig meir populær som turmål. «Alle ungar» vil dit kan det sjå ut som.
Det blir ny pølsefest i gapahuken laurdag 22. februar 2020. Vi håpar å sjå dikkan.

Pakking av løyper. Vi kom tidlig i gang med pakking av snø i løypetraséane. Det er viktig å ta vare på den snøen som har kome, difor pakkar vi den. Dette er spesielt viktig på myrområder, for å tele i myra, ellers kan det bli overvatn. Vi prøvde i år ut å gjere ein del av pakkinga med beltevogn. Den kjører seg ikkje fast, men det kan skje med løypemaskin og snøskuter på forsesongen.

Løypebidrag.
Vi håpar alle forstår at det er nødvendig at alle betalar inn eit årlig løypebidrag. Vi er heilt avhengig av det for å halde drifta på eit akseptabelt nivå. Til tross for stor dugnadsinnsats kostar det å drifte løypelaget og det blir ikkje billigare med tida.

Anbefalt beløp for komande sesong er 1.000,- kr, men beløpet bestemmer du sjølv.
Kontonr er 6182.05.39779.

Så håper vi på ein god snøvinter med gode skiforhold og fine løyper frå jul og heile sesongen til og med påske.
Styret i løypelaget og løypekjørar-gjengen vil ynskje dikkan alle ei god jul og eit gøtt nyttår!